www.nettips.no
Sotra snudde til seier
09.04.2016

Upåklageleg fint vér på Straume Stadion denne laurdags ettermiddagen! Sola skin, ikkje ei sky å sjå på himmelen og gradestokken viser 10°C! Ingenting å utsetje på grasmatta heller og det er berre for dei om lag 80 oppmøtte til å gjere seg klar til 2 x 45 minutter med underholdning.

Første omgang starter med det som fort kunne blitt ein kalddusj for heimelaget, Sotra heng ikkje med dei første minutta og etter 3 minutter får dei nesten mål i mot. Heldigvis, for Sotra sin del, avergar forsvaret før Tertnesspissen kjem til skot og det heile ender med eit innkast. Dette var vell også den største sjansen som vart produsert i første omgang. Omgangen var prega av at spelet bølga fram og tilbake utan at dei store sjansane vart produsert. Tertnes sitt forsvar var spesielt gode på å nøytralisere Sotra sine agrepspelarar noko som også er gjennspegla i at Sotra hadde ballen mest, men fekk aldri spelet sitt til å gå. Tertnes, på si side, fekk litt meir flyt sitt spel når fekk ballen, men fekk det heller ikkje til i siste tredjedel av bana.

Det er ikkje lang tid av andre omgang før Termens spelar ballen ein høg ball i bakrom til ein umarkert Frank Martin Lilledal. Han setter fart og blir møtt av keeper Erlend Johansen på om lag 15 meter. Lilledal lurer ballen imellom beina på keeper og i mål! 0-1 til bortelaget etter 2 minutt av andre omgang!

Deretter tar Tertnes over spelet og til tider rundspeler dei Sotra, men dei får det likevel ikkje til når det kjem til å setje ballen i mål.

68 er spelt og Sotra har kjempa seg tilbake i kampen igjen først ein corner frå høgre. Deretter vert ballen sleiva ut att på Sotra sin høgrekant før eit nytt innlegg kjem og ballen er innom fleire spelarar før den hamnar i beina til Stian Langeland som setter den via keeper og i mål. Og utligner dermed til 1-1 for heimelaget!

Scoringa virka til å gi ein skikkelig vitamininnsprøytning for heimelaget som var frampå igjen 6 minutter seinare. Denne gongen er det innlegg frå venstre, og Dang testar skotfoten men blir ballen blir blokkert, og går ut att til kantspelaren. Ballen blir slått inn på nytt men no hamnar den hjå Leo Fejzi, han nøler ikkje og bankar den ballen rett nota frå om lag 10 meter. Dermed Står det 2-1 og Sotra har snudd kampen!

Etter denne scoringa er Sotra tydeleg gira på fleire mål samtidig som Tertnes vil ha utligning. Sotra kjem til avslutning eit par ganger og Tertnes er også av og til farleg frampå, men dessverre så blir det ikkje fleire fleire mål på Straume Stadion i kveld og det ender 2-1 og 3 poeng til Sotra.

Se bilder HER

Tekst og foto: Hattun R. Bø


© Nettips 2017